Husmannsplassen Eikjehaugen
Husmannsplassen Eikjehaugen ligg øvst i Steinsdalen i Kvam. Bygningen er eit såkalla "samanbygd anlegg" med bustad og løe i eitt - noko som var vanleg for husmannsplassar og mindre bruk i Hardanger før 1850. Anlegget har tradisjonell to-roms planløysing og innheld kjøken (døræ), røykstove, sval og grindverksbygd løe med flor. Tidligare stod her og bu/bualoft og stabbur. På Eikjehaugen har det budd folk frå 1796 til 1938, men ettersom det er rissa inn MMCCLX (1760) på den gamle beten frå røykstova - er bygningane truleg eldre og skal vera flytta frå Øystese. Bygningane stod lenge til nedfalls, men vart redda takka vere engasjement frå ungdom i lokalmiljøet, eigaren av hovudbruket Alida Steine, kultursjefen i Kvam og fylkeskonservatoren i Hordaland. I 1987 tok arkitekt Albert Mjøs på seg å restaurera anlegget, og utan hans omsut og innsats ville husmannsplassen på Eikjehaugen ikkje ha eksistert i dag. Eikjehaugen har verneklausul og vert nytta som fritidsbustad.
Påske på Eikjehaugen Eikjehaugen på gamalt postkort frå Steinsdalen Vêrvarsel for Eikjehaugen